.

Velkomen til arrangementsbygda Breim!

.

Her finn du oversikt over arrangement gjennom året. Tips oss gjerne om du saknar noko

Norsk Countrytreff

I 2021 vert Norsk Countrytreff (NCT) arrangert for 26.gong. På grunn av covid19 er årets arrangement lagt til andre arenaer med mykje mindre publikumskapasitet enn normalt. Les meir på våre nettsider. 

Breimstafetten

Breimstafetten er fylkets eldste idrettsarrangement og samlar kvart år fleire hundre utøvarar i alle aldrar. Breimstafetten blir omtala som vårens vakraste eventyr. På grunn av Covid19 har stafetten i 2020 og 2021 vorte avlyst, MEN vi kjem sterkt tilbake i 2022!!

bLAN

bLAN, kort for Breim LAN, er det største og eldste datatreffet i Sogn og Fjordane.

Byrkjeloleikane

Byrkjeloleikane er ein aktivitetsdag for deltakarar med utviklingshemming i alle aldersgrupper, og blir arranger av Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Sogn og Fjordane Fotballkrins, Sogndal United og Breimsbygda IL.

Norsk Storbiltreff

Norsk Storbiltreff går av stabelen 27.-29. august 2021 i Breim, Gloppen Kommune. Vi planlegg å fylle helga med utstillingar, leverandørar, konkuransar, to kveldar med underhaldning, kortesje for veteranlastebil, premiering i fleire klassar og god stemning!

Pederhuset

Sigrid Moldestad og vener har satt i stand Pederhuset ved Norsk Fjordhestgard og har diverse arrangement der gjennom året.

Kontakt oss:

Denne sida er laga av Reedesign AS. Ynskjer du å kome i kontakt med oss eller tipse oss om om forbedringar, kontakt oss her.